Ein flott dagsutflukt er rundturen med buss til Stordalen nord for Bergen. Første stopp er på Bjørn West Museet i Matre med guida omvising. Herfrå følgjer du i Bjørn West sine fotspor innover den dramatiske Matresdalen med mykje historie før du kjem til fjells. (Stikkord: Matrehola, Stegane, Kringlebotn, mm.)
På Stordalen Fjellstove vert det servert lunsj eller middag med heimelaga mat basert på norske mat tradisjonar.
Frå Stordalen kan du returnere via Matre, men me rår til å ta rundturen via spektakulær natur ned til Bjordal og Sognefjorden. Du må få med deg eit besøk på Massnes Villmarksmuseum. Eit personleg og gjevande museum. Så går turen vidare til Oppedal. Kjem du nordfrå tar du ferja til Lavik. Kjem du sørfrå, er det eit spanande alternativ og prøve kabelferga over til Masfjordnes.
Forslag til tidsplan:
- 0900 Avgang Bergen / Knarvik / Oppedal / Førde
- 1030 Kaffe og tebrød på Bjørn West museet eller på Einekavane på Matre (Einekavane ligg vegg i vegg til Bjørn West Museet og må tingast på førehand. Tlf 56 36 74 22)
11.00 Guida omvising på Bjørn West Museet. Grupper kr 50 pr. pers. Tlf 56366300 (46905204) ellerbjornwest@museumvest.no – www.bjornwest.no
- 1230 Avgang til fra Matre til Stordalen
1330 Lunsj / middag på Stordalen Fjellstove. Frå Kr 195,-. Du tingar på tlf 56366205 eller post@stordalenfjellstove.no. Fjellstova er nyoppussa med ny spisesal og møterom. Likevel sit historia frå Bjørn West, som hadde sitt hovudkvarter på fjellstova, enno i veggane, – saman med historie frå meir enn 80 års fjellstovedrift.
- 1430 Avgang frå Stordalen Fjellstove over fjellet mot Sogn.
1500 Nede ved Sognefjorden kjem du til ein imponerande Rosehage på Osland. Sett av ein time eller to, og bli inspirert av livsverket til Håkon Osland. Sjå NRK-Grønn Glede. Kontakt Håkon på tlf: 95900931
1630 Besøk på Massness Villmarksmuseum. Tingast på tlf 57710546 / 90410051 facebook.com/MassnesVillmarksmuseum
- 1730 Den første elektriske ferga i ordinær trafikk, «Ampere», trafikkerer Sognefjorden frå Oppedal.
- Frå Oppedal går det heimover på E39 til Bergen / Knarvik, via Kabelferga til Masfjordens og Bergen, eller nordover til Lavik / Førde.
Alternativ:
Eit spanande alternativ er å ta turen innom Hillesvåg Ullvarefabrikk Econommuseum langs vegen til Matre. Kontakt dei på tlf 56357800 – sjå: Hillesvåg Ullvarefabrikkk ECONOMUSEE
Frå Matre til Stordalen kan du tinga guide med bussen for kr 1000,- Då får du plassert Bjørn West historia i terrenget, og turen kan krydrast med anna lokalhistorie om istid, holebuarar, buldring, fossespekulantar, lakselordar og fjellgarden Kringlebotn mm.
Du kjem då litt seinare til Stordalen og det passar gjerne betre med middag på Stordalen Fjellstove.
Eit lengre alternativ vil være å ta turen vidare ut i Gulen med tusenårsstaden Gulatinget, Fiskarbondemuseet, og kongestatuen på Skjerjehamn.
Overnatting:

For å la stemninga og historia festa seg i sjelen overnattar de gjerne på fjellstova, og inkluderer frukost og lunsj/middag neste dag. Du kan då få med deg guida tur med utsikt frå vegen, eller du går i terrenget til dei faktiske stadane der dei siste kamphandlingane i i Europa under andre verdskrigen fann stad. Her risikerer du framleis å finna tomhylser i lyngen. På fjellstova kan du krydra opphaldet med fleire spanande Bjørn West filmar og anna Stordalshistorie.
Tinging:
- Bjørn West Museet – 56366300 – bjornvest@museumvest.no
- Stordalen Fjellstove – 56366205 – post@stordalenfjellstove.no