Vertskap på Stordalen Fjellstove

cropped-MG_2795.jpg

 

 

Har du lyst å drive ei spennande fjellstove? Vi trenger nytt vertskap / drivere på Stordalen Fjellstove, ei tradisjonsrik turistperle rett nord for Bergen og innfallsporten til Stølsheimen.  Du må ha lyst til å stå på og ta alt ansvar for drifta. Vi meinar at det er store muligheiter i å  utvikle Fjellstova mot bedriftsmarknaden, og samstundes vidareføre dei gode relasjonane til lokalbefolkning, hyttefolk og friluftsfolk.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå serverings / hotellbransje er en fordel.
  • Du må være allsidig, sjølvstendig, ha stå-på vilje, og kunne ta hand om alle arbeidsoppgåvene med drift av Fjellstova. Inkl. alt av mat og servering, vertskap, sal, marknadsføring, vedlikehald, økonomi og arbeidsleiing.
  • Passar godt for eit par, men driftsform avgjør du.
  • Må beherske skandinavisk og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Du vil drive gjennom eige selskap, eller overta 100 % av dagens driftsselskap på svært gode betingelsar. Fast husleige til huseigar.
  • God bestillingingsliste / belegg for 2018
  • Godt innarbeid fjellstove med godt renomé, og med muligheter for videreutvikling.
  • Tiltredelse snarast.
  • Søkarar blir behandla fortløpande.
  • Den rette person / selskap kan om ynskjeleg, på sikt få høve til å kjøpe Stordalen Fjellstove på gode betingelsar.

Kontakt:

Daglig leiar i eigarselskapet Bjørnar Vik tlf 90600163 eller Hans Henrik Fanebust  tlf 90660755.

Søknad med CV sendes: post@stordalenfjellstove.no

 

Stordalen Fjellstove ved Stordalsvatnet

Fjellstova ligg i Masfjorden. Adresse: Bjørn West vegen 180, 5984 Matredal

Om Stordalen Fjellstove:

I Stordalen har det vore fjellstovedrift sidan 1936 då Bergen og Hordaland Turlag starta sin aktivitet i området. Her er porten til Stølsheimen frå vest, og mang ein fjellvandrar har nytta seg av det koselege miljøet og den gode maten på fjellstova. Me har mykje middagservering til hyttefolk, lokale og dagsturistar. Fjellstova er også populær for samlingar, selskap og grupper. Me har overnatting til mellom 34 og 80 avhengig av om ei skal ha eige rom eller er meir fleksibel. Dette inkluderer 2 hytter og 4 leiligheter med eige kjøkken.

I 2015 opna vi ny og utvida spisesal og ny møteromsavdeling i kjellaren. Me kan då ha selskap opp til 100 personar, og møte / kurs med 80 deltakarar. Eigarane har tru på satsinga i Stordalen, og investeringa på totalt 12 millionar kroner.

Om Stordalen

Stordalen er Nordhordlands eige utfartsområde med fantastiske muligheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Det ligg 20 min frå E39 og Matre, 1 t frå Knarvik og 1,5 t nord for Bergen. Her er ca 300 hytter i området og det er planlagt 100 til, slik at det er mange brukarar, og det skjer mykje. Stordalen Skisenter er trekkplaster for mange. Det vert kjørt skiløyper om vinteren. Det er mange merka og graderte fotturar i området. Både korte rundturar, og lengre turar mot Sognefjorden eller inn i Stølsheimen. Gode jakt og fisk muligheiter.

I 2017 er aktivitetane til aktivitetsfirmaet Berg Fritid blitt ein del av Stordalen Oppleving AS. Den guida turen «I norske fotspor», sykkelturen «Fjordsykkelruta», aktivitetar for grupper, rappellering, sykkelturar i fjellet, og meir kan være en naturlig del av driftsgrunnlaget.

Del gjerne:Share on FacebookShare on Google+Tweet about this on TwitterShare on LinkedInEmail this to someonePrint this page