Arrangement, selskap og møter
Berre halvanna time frå Bergen ligg Stordalen Fjellstove, omkransa av storslått natur og frisk fjelluft. Her finn du ei lun og koseleg ramme som passar like godt til feiringar som til samlingar med fagleg innhald. Bryllaup, jubileum, bursdag, kurs, møte eller klubbsamling – uansett anledning blir alle samla på same stad, i ein roleg atmosfære der fellesskapet står i sentrum.
Med triveleg og serviceinnstilt vertskap, heimleg stemning og høve til både innandørs hygge og utandørs aktivitetar, legg fjellstova til rette for opplevingar som styrkjer samhald og skapar gode minner. Her får de den perfekte kombinasjonen av sosialt samvær, fagleg påfyll og naturopplevingar, alt på ein stad der ein verkeleg kan senke skuldrane.
Lunsj til Lunsj tilbod
- Overnatting i enkeltrom inkludert frukost
- Lunsj ved ankomst og avreise
- Middag med dessert på kvelden
- Konferansefasilitetar og standard teknisk utstyr
- Pausemat og nøtter i møterom
- Bobler ved peisen eller bålpanna
- Fjellfjøla med ost og spekemat
Kr 2490 pr person
Dagpakke (uten middag, Fjellfjøla og bobler) kr 650 pr kuvert
Weekend-pakka
- Overnatting i Fjellstova inkludert frukost
- Middag med dessert fredag og lørdag
- Smør matpakke og fyll termosen din lørdag og søndag
- Fjellfjøla med ost og spekemat på lørdag
- Bobler ved peisen eller bålpanna fredag og lørdag
Kr 2890 per person
Kombiner gjerne arrangementet ditt med ein aktivitet
- Opplev flott turterreng både sommar og vinter, med eller utan guide
- Ta turen innom Bjørn West Museet på Matre og høyr historia om "dei kvite englane" frå andre verdskrig
- Vinterstid kan Stordalen Skisenter leigast for spanande aktiviteter
- Opplev området og den friske fjellufta på ein tur med truger
- Utfordre kvarandre i biljard eller øksekast, eller samle gjengen til eit hyggeleg kortspel foran peisen
- Kos dykk med Fjellfjøla og smak på oster og spekemat, gjerne med nokre bobler i glaset, eller varm kakao ved bålpanna
På Stordalen Fjellstove får du:
-
Selskapslokale med plass til 100 gjestar
-
Stort møterom for inntil 80 personar
-
Norsk tradisjonsmat, koldtbord eller tapas
-
Koselege salongar til å slappa av i
-
Peis og biljard
-
Moglegheiter for presentasjon, film/ bildeframsyning
-
Totalt 69 senger fordelt på 34 rom
-
Trådlaust lydanlegg
-
Gratis wifi
The Perfect Place to Come Together
Stordalen Fjellstove is a charming mountain lodge just 1.5 hours from Bergen, offering the perfect setting for celebrations, reunions, meetings, and social gatherings. Surrounded by breathtaking nature, guests can enjoy a warm and welcoming atmosphere, delicious food, and fun activities – from indoor games to outdoor adventures like snowshoeing.