Naturopplevingar for heile familien
I Stølsheimen er det moglegheit for fantastiske fjellturar i storslått natur. Fjellstova er eit utgangspunkt for hytte til hytte vandring.
Men du kan også gå korte og lange dagsturar og nyte eit godt måltid på Fjellstova om kvelden.
Flotte oppkjørte skiløyper på vinterstid. Skitrekk i nærleiken. Området er også kjent for å vere eit av landets beste område for buldring!
Småviltjakt
Me sel jaktkort for småviltjakt i Stordalsområdet. Jaktkortet gjeld for eit areal aust og/eller vest for fylkesvei 381 i Masfjorden / Hordaland. Område B2 Hope er ikkje tilgjengeleg for 2025 sesongen.
Jakttider:
10. september – 1. oktober: Berre sesongkort utan hund.
1. oktober – 23. desember: Ukeskort og sesongkort, med og utan hund.
Jaktområdet som pdf til utskrift
Prisar
Sesongkort:
Med Hund | Utan Hund | |
Heile området | 2200kr | 1650kr |
Aust, A1 og A2 | 1300kr | 825kr |
Vest, B1 | 1100kr | 725kr |
Vekeskort (frå 1.10) :
Med Hund | Utan Hund | |
Heile området | 800kr | 650kr |
Aust | 550kr | 390kr |
Vest | 550kr | 390kr |
Merknad
- Alle som skal kjøpa jaktkort må visa fram gyldig jaktlisens.
Jaktkort kjøper du på Stordalen Fjellstove. Det er mogleg å bestille/betale jaktkort med vipps på førehand. Kortet må hentast på fjellstova. Jaktrapport leverast ved endt jakt, ikkje innlevert rapport fører til høgare pris (50%) påfølgande år.
Jaktpakke:
Ta kontakt for eit godt tilbod om overnatting med frukost, niste og middag, helg (fredag til søndag) eller midtveke (onsdag til fredag). Jaktområdet i Stordalen ligg i eit området som er 200-1000 moh, men hovudsakleg 500 til 900 moh. Altså noko i skogsgrensa, og opp til 900 meter i flott, karrig rypeterreng.

Mountain hikes
In Stølsheimen there are possibilities for fantastic mountain hikes in magnificent nature. Fjellstova is a starting point for cabin-to-cabin hiking. But you can also go on short- and long-day trips, small game hunting or enjoy a good meal at Fjellstova in the evening.