Fjellstova har 14 koselege rom i sjarmerande hyttestil. Alle har eige bad med dusj. I annekset har vi 4 rom og 4 leiligheter. I tillegg leigar vi ut 1 hytte som ligg berre få meter unna Fjellstova. Totalt har vi 32 rom med 79 sengeplasser.
Frå kr 800,- til 2200,-
Er du medlem i DNT? Då får du kr. 50,- i rabatt per vaksen, per opphald. Gjeld ved overnatting i rom. Gjeld ikkje ved leige av leilighet eller hytte. Vis fram medlemskort ved ankomst.
Tre soverom, med plass inntil 10 personer.
To soverom, med plass inntil 5 personer.
Velkomen til Fjellstove-glamping i Stordalen. Å sove i telt vert aldri det same etter at du har prøvd ein natt med glamorøs camping. Her er det ikkje spart på noko, luftmadrass og sovepose er bytta ut med luksusseng, dyne og masse puter. Her søv du garantert godt. Opplev ei fantastisk overnatting i glamorøse omgjevnader.
Gjeld for ein til tre personar, eit døgn. Inkludert frukost oppe på Fjellstova. Kan og leigast utan frukost. Glamping er tilgjengeleg frå slutten av mai til 1. oktober. Teltet har ei ekstra seng, så her kan ein søve inntil tre personar om ønskelig. På fjellstova har du tilgang til dusj og toalett.
For reservasjon og booking, ring oss på 902 58 846.
Fjellstova har 14 koselege rom i sjarmerande hyttestil. Alle har eige bad med dusj. I annekset har vi fire rom og fire leiligheter. I tillegg leigar vi ut to hytter som ligg berre få meter unna Fjellstova. Totalt har vi 34 rom med 68 sengeplasser.
Er du på jakt etter ein koseleg stad der de kan vera litt for dykk sjølve? På Stordalen Fjellstove får du:
Nyoppussa restaurantlokale med plass til 100 gjester.
Vår gode norske tradisjonsmat – eller det du har mest lyst på.
Koselege salongar til å slappa av i.
Hyggelig bar.
Danselokale i kjellaren med musikk – eller vi kan skaffa eigen trubadur.
Mogelegheiter for film/bildeframsyning.
Trådlaust lydanlegg.
Gratis wifi.
Stordalen Fjellstove er ei koseleg ramme rundt større og mindre feiringar som bryllup, jubileumsfeiring, klubbsamling, bursdag, gjenforeningsfest eller berre eit festleg lag. Her er det ingen som stikk på byen etter ei stund!
Vi kan også hjelpa til med kjekke aktivitetar både ute og inne.
Stordalen Fjellstove er eit flott samlingspunkt for møte og kurs, i naturskjønne omgivelsar, berre halvanna time frå Bergen! Storslagen natur, frisk fjelluft og høve til allsidig aktivitet, legg forholda til rette for eit fagleg godt, sosialt og aktivt arrangement. På Stordalen Fjellstove er alle samla i ein lun atmosfære, saman med eit triveleg og serviceinnstilt vertskap. Her får de styrka samhald og ny motivasjon, med ein kombinasjon av fagleg innhald, og flotte naturopplevingar og aktivitetar.
Take some time off and experience our magnificent nature or make use of Stordalen as a gathering place for courses, conferences and team building activities. Informal surroundings ease the communication in the group, combined with nature activities creates good, open and enthusiastic participants.